Skårhaug Taktekk as
er eit lokalt eigd taktekkerfirma med tilhald på Nordfjordeid. Skårhaug Taktekk vart skipa i 1982, og vi har sidan vokse til å bli det største taktekkerfirmaet i Sogn og Fjordane.  

Skårhaug Taktekk har godt kvalifisert personell. To tilsette med mesterbrev og tekkarar med fagbrev og lang erfaring gjer oss godt rusta til alle oppgåver.

Vår tilknyttning til
Takringen gjev oss fordelar i form av ei landsdekkande innkjøpsordning, samt oppdatering av alt det nye som skjer i bransjen. Vårt medlemskap i Takringen og Takentreprenørenes Forening forpliktar oss i høve til kvalitet og leveringsevne. Skårhaug Taktekk har sentral godkjenning.